Miljøprisen 2023

Årets miljøpris frå Volda SV går til bedrifta A. Våge AS. Verksemda får prisen for sin innsats for klima og miljø i vårt nærmiljø. A. Våge AS var nominert til prisen av Anne Karin Espe, som hadde lese i media om deira satsing på solceller.

Vi har lagt merke til at de satsar på miljø. Det mest synlege uttrykket er solcelleanlegget de installerer saman med Tussa Installasjon på tak og vegger. De har også satsa målmedvite på energieffektivisering, de har kjøpt inn elvarebilar, og i botnen ligg ISO-sertifiseringa; Ein standard som er høgare enn Miljøfyrtårn, forklarer Ingrid Opedal fra Volda SV.

Askjell Våge tok imot prisen på vegner av verksemda, og syntest det var stas å bli sett pris på. Han kunne fortelje at dei har tatt fleire grep for å optimalisere kraftforbruket. Dei har mellom anna bytta alle vindauge, etterisolert og montert varmestyring, i tillegg til å montere solcellepanel på store delar av fabrikklokalet i Furene.

Miljøprisen 2023 1